SEMINARIUM

DEN SISTE DANSETERAPI

Solveig Styve Holte og Marte Reithaug Sterud

”Vi låser inn oss i rutor, vi inte vågar gå utifrån. Då kommer rädslan och tar oss” syng Karpe Diem og Andreas Greg i songen ”Ruter”. 

Kva vi gjer er uløyseleg knytt til korleis vi gjer det. Det gjer seg gjeldande i både kunsten og pedagogikken. I ”Den siste danseterapien” ynskte vi å problematisere korleis vi, med utgangspunkt i spesifikke erfaringar, opplevde at utdanninga vår vart gjort og reflektere over kva kunst- og menneskesyn som låg til grunn for desse vala.

I etterkant av ”Den siste danseterapien” har eg vore litt trist og mest sint. Som masterstudent i koreografi ved Kunsthøyskolen i Oslo har eg akkurat desse dagane samarbeida med studentane på BA samtidsdans. Samtalene med dei seier meg at ”Den siste danseterapien” ikkje berre tek for seg opplevingar som kan tidfestast til 1989, 1998 eller 2008, men også i 2014. Språk, kritisk refleksjon, kontekst og sjølvstende vert framleis ofra på den tekniske finessa sitt virtuose alter av repetisjon. Frykta for at studenten ikkje vert trena nok vert framleis sett opp mot studenten sitt behov for å verte reflektert og sjølvstendig nok. Spesifikke produksjonsvilkår vert reprodusert. Om forholda mellom mester og elev, koreograf og dansar, skapar og utøver er på veg til å bli endevendt i verda, sit det framleis hardt i innanfor utdanningsinstitusjonen. Om dette også er medverkande til at vi i dansekunsten ofte reprodusere gitte format og metodar for produksjon og utøving utan å reflektere over kva desse uttrykker og skapar, må andre enn oss vurdere.

I verste fall er utdanning den gamle som lære den unge svara på fortida sine problem. Det andre ytterpunktet; ideen om å finne seg sjølv åleine i studio kan i like stor grad vere ein veg for å unngå den kritiske studenten å sleppe til. Kven vågar å vise det mangfaldet av stiar som finnest til dei som vil? Ikkje berre ein veg ein sjølv har gått, til eit hus i ei dump eller til eit kompani frå 90- talet. Men mot vegar ein sjølv aldri har gått og som ein knapt forstår kvifor nokon vil? Kven vågar å sleppe studentane sine ut på viddene, gi dei både utstyr og næring og seie at tåka lettar snart og utsikta er vill, å tru at studentane har både skarpare auger og betre kne enn du sjølv nokon gong har hatt til å gå nye vidder. Dei kjem kanskje til og med å finne sitt eige hav eller bygge ein ny fjellheim?

Eg likar folk som bryr seg så mykje at det gjer vondt. Utdanning handlar om kunnskapsoverføring og opplæring. Korleis ser og motiverar vi eit engasjert og kritisk blikk frå både student og pedagog til å velje ut kva som er verdifull kunnskap og korleis den kan formidlast. Det handlar om omsorg og etter Seminarium # 2 har vi merka eit dansekunstfelt som er fylt av omsorg, interesse og engasjement, utover å hele eigne sår, men for å så framtid for fleire enn seg sjølv.

”Struktur er menneske” sa Sidsel Pape etter vår presentasjon. Er det då menneske som er openbart omsorgslause? Kven er ansvarleg for den utdanninga som vert og vart gitt? Det er sjølvsagt ei leiing her. Og denne leiinga må stilles til ansvar og ta ansvar for kulturar som praktisere, reprodusere og held oppe fortida sine kunst- og menneskesyn. Om ikkje anna enn av omsorg for studentane sine og for framtidas dansekunst.

Pilotprosjekt (2011)
SEMINARIUM#1 (2013)
SEMINARIUM#2 (2014)
SEMINARIUM#3 (2014)
SEMINARIUM#4 (2015)
SEMINARIUM#5 (2015)
SEMINARIUM#6 (2016)